Telefon: 56 51 11 00 post@hbio.no

Arnfinn Trøen er vossing busett i Bergsdalen. Han har utdanning frå Norges Landbrukshøgskule som sivilagronom med hovudvekt på plantedyrking, jord og hagebruk, samt foretaksøkonomi 1979- 1983. Før han vart tilsett hjå oss har han drive einmannsfirma (Vaksdal Bioenergi AS) dei siste åra. Her har han hatt konsulentoppdrag innan produksjon av bioenergi, og prosjektering av varmeanlegg basert på fornybar energi. Han har òg drive med sal og montering av fyringsanlegg for ulike typar bioenergi.
Hordaland Bioenergi AS er eit nyskipa selskap eigd av Voss Energi AS, Indre Hordaland Miljøverk IKS og Voss Bioenergi AS. Hordaland har store skogsressursar og selskapet skal bidra til framtidsretta ressursutnytting og lokal verdiskaping gjennom auka hogst og inntening for lokale skogeigarar. Selskapet skal vere ein føretrekt samarbeidspartnar i samband med bygging og drift av varmesentralar, samt produksjon og levering av kvalitetsflis. Selskapet har forretningskontor i Voss kommune.
Hordaland Bioenergi skal bygge bio-varmeanlegg og produsere, distribuere og levere energi med basis i fornybart og CO2-nøytralt biologisk materiale. Transportavstandar av råmateriale og ferdig energi skal vera korte. Hordaland har store skogsressursar. Selskapet ynskjer å stimulere til lokal verdiskaping gjennom nye arbeidsplassar, auka hogst og inntening for lokale skogeigarar og betre omsetningsmogelegheiter for rydding av skog langs vegar, kraftlinjer og nye byggeprosjekt.
Selskapet legg til grunn at lokal produksjon av bioenergi er god samfunnsøkonomi gjennom energieffektivitet og positiv klimaeffekt. Hordaland Bioenergi legg fylgjande miljøpolitiske argument til grunn for verksemda:
Olje og gass bør fasast ut sidan dei bidreg til CO2 ubalanse i atmosfæren.
Redusert forbruk av elektrisitet i Noreg, reduserer produksjon av elektrisitet frå fossile kjelder i Europa.
Biologisk materiale som rotnar på rot slepp ut like mykje CO2 som ved forbrenning
Hordaland Bioenergi ynskjer eit tett samarbeid med varmekundar og leverandørar av råstoff:
Hordaland Bioenergi tek seg av prosjektering og investering
Kunde betaler for levert energi til konkurransedyktig pris
Kunde bør ha opplegg for vassboren varme
Ta kontakt om det er noko du lurer på: post@hbio.no , mob: 926 01 227
Frå 1. juli 2010 vart det eit krav i teknisk forskrift at alle bygg over 500 kvm skal ha minimum 60 prosent av sin energitrong dekka av fornybar varme. Bygningar utanfor fjernvarmeområda vil då i praksis ha valet mellom varmepumpe og bioenergi. For bygningar mellom 100 og 500 kvm er kravet 40 % fornybar varme.
Hordaland Bioenergi vil levere kvalitetsflis som sikrar gode tilhøve for lagring, mating og forbrenning. Me satsar på kvalitet i alle ledd for å sikra oss nøgde kundar frå starten.
Webdesign: Logolink AS